BERGEN

Dr. Hook leverte varene

Med cowboyhatt, langt skjegg, lapp for auga, sneipen i eine handa og trommestikka i andre, varta legendariske Dr. Hook opp med den eine 70-talsslageren etter den andre til glede for entusiastiske fans i Nordhordlandshallen lørdag.

 

– Det er godt å vera tilbake i Norge, seier doktoren sjølv, Ray Sawyer i si velkomsthelsing til fansen før han sjølv trommar i gang konserten med å slå an tonen på ein cymbal. Dr. Hook, som sist gong var i Nordhordland i 1989, har med seg fullt band og lagar skikkeleg trøkk i fotballhallen. Slagarar som ” Walk Right In”, ”Little Bit More”, ”On The Cover Of The Rolling Stone”, og ikkje minst kjempehiten ”Sylvia`s Mother” tilhøyrar alle Ray Sawyer. Mykje har skjedd sidan karrieren tok til i New Jersey på slutten av 60-talet, men musikken, så vel som artisten, er lett gjenkjenneleg og lever utvilsamt vidare i beste velgåande. Riktig nok har stemma til ein viss grad begynt å svekkast med åra. Men trass ein alder på 68 år, skal Sawyer så absolutt seiast å ha mykje å fara med innan country-rock-sjangeren. Dr. Hook leverer den eine klassikaren etter den andre og vekkjar nok mangt eit minne hos eit publikum som i stor grad tilhøyrer ”rette” aldersklassen; 70-talets tenåringar.

Fram med mobilkamera&

Enkelte nyttar også høve til å ta seg ein svingom til dei meir ballade-prega innslaga, og mange syng med etter beste evne på dei kjente refrenga. Og dei som trudde det berre var fjortissane som brukte mobilen til å ta bilde av idola sine, må nok tru om igjen. For framme ved scena står entusiastiske ”førtisar” og knipsar Dr. Hook både ein og to gongar.

– Det er fantastisk å sjå folk over alt, og det er ikkje slutt endå, forsikrar Sawyer med eit smil etter at berre eit par nummer er framført. Ein aldri så liten glipp i avslutninga på eit av innslaga blir avleia av Dr. Hooks kjappe replikk.

– Vi har aldri lært oss korleis vi skal avslutta den, smiler han og er for lengst tilgitt av tilhøyrarane. Framleis er det mykje godt i vente, men tida går fort og etter ein times tid takkar veteranen for seg. Roping og klapping fører sjølvsagt til obligatoriske ekstranummer før ein innhaldsrik kveld i 70-talets teikn går mot natt.

Med rundt 900 førehandsselde billettar og ein del betalande i døra, var det godt og vel tusen personar innom Nordhordlandshallen lørdagskvelden. Kjelder nh snakka med under konserten rekna med at det endelege besøkstalet ville enda på nærare 1400, noko som i så fall tilsvarar halvparten av hallens kapasitet. Konserten var eit samarbeidsprosjekt med Bøvågen Service og Harry i Knarvik som sentrale aktørar.

 

Dr. Hook
leverte varene

Sjølv om Ray Sawyer har vorte 68 år framførte han «Only sixteen» på same nivå som i glansdagane, i Nordhordlandshallen laurdag kveld. Dr. Hook gav 1200 strilar akkurat den medisinen dei trengte.

Av: Espen Nese

 
– Dr. Hook er ein artist for alle som likar å vrikka på dansefoten, seier Jørn Lund.
Han var ein av mange som lot seg imponera av den aldrande stjerna. Men sjølv om musikken til Dr. Hook freista han til å ta ein tur ut på dansegolvet, måtte han halda seg i tøylane. Jørn hadde nemleg jobb som vakt under laurdagens konsert.
– Eg arbeider dugnad for NBK slik at treningsleiren til Egypt skal verta billegare. Men eg hadde nok kome på konserten uansett. Eg var spent på kva Dr. Hook hadde på lager, legg han til.
Som ein ung 20-åring var ikkje Dr. Hook vidare kjend for han på førehand. Han visste nemleg ikkje at det var Dr. Hook som sat inne med slagrane «Only sixteen» og «Sylvia`s Mother». Så Jørn Lund vart positivt overraska då Dr. Hook varta opp med den eine 70- og 80-tals hiten etter den andre. Dr. Hook var nemleg ein stor artist på denne tida. Han opplevde stor suksess med å blanda stilartar som country, pop og rock. I 1979 vart Dr. Hook til og med beløna med gullplate for plata «Pleasure and pain».

 

Back To Homepage